Formann - Tømrar Fjordglas

Tømrar – formann produksjon

Fjordglas AS

Sanatorievegen 79, 6872 Luster, Vestland, Luster

Fjordglas er i vekst, og styrkar no laget med ein ny formann til vår fabrikk i Luster.

Med nye større kundar og prosjekt, treng me deg som søkjer andre utfordringar og ein spannande kvardag med gode utviklingsmogelegheiter.

Om stillinga

Som tømrar – formann i Fjordglas, skal du arbeide og leie dei andre i vår produksjon. Du skal og utføre arbeid på dei ulike stasjonane våre, og samtidig vere bindeleddet i mellom driftsleiar og dei andre tilsette i produksjonen.

Hos oss får du allsidige produksjonsoppgåver innan :

·         Kapping og høvling

·         Montering på våre karm og rammepresser

·         Montering av vindauge og dørar

·         Arbeid rundt vår målingsavdeling

·         Arbeid på vår glassavdeling

·         Arbeid på vår pakkeavdeling

·         Arbeid og drifting av vår høgteknologiske CNC – maskin

Som formann, må du jobbe der det trengst, og vere god på å lese alle oppgåver i produksjonen til ei kvar tid. Du må samtidig gjere dei andre gode, og vere ein lagspelar med dei andre i bedrifta. I stillinga styrer du dei andre til ei kvar tid på oppgåvene som skal utførast. Du jobbar tett på driftsleiar og produksjonssjef. Du skal og kunne utføre meir tømrarrelaterte oppgåver ved behov, og me ynskjer derfor deg med meir erfaring innan tømrarfaget. 

 

Arbeidsoppgåver for stillinga :

  • Dagleg styring av produksjonsressursar
  • Arbeid på våre stasjonar i produksjonen
  • Spesialarbeid innan trefaget
  • Framtidig operatør på vår CNC – maskin kan vere aktuelt

 

Me ønskjer å komme i kontakt med deg som :

  • Trivst i ein hektisk kvardag
  • Har høg arbeidskapasitet
  • Er effektiv og systematisk med gode arbeidsmetodar
  • Er utadvent, og flink i dialog med andre
  • Er oppteken av kvalitet 

 

Kven er du?

  • Tømrar, Produksjonsarbeidar, Prosessoperatør eller tilsvarande, helst med relevant fagbrev innan treproduksjon eller industrifaget.
  • Anna relevant erfaring og personlege eigenskapar kan vege opp for manglande utdanning
  • Utadvent, sjølvsikker, og ynskje om å løyse ulike oppgåver
  • Den som tek ei utfordring på strak arm
  • Fleksibel med omsyn til arbeidsoppgåver
  • Ein som likar å jobbe med andre, men også sjølvstendig
  • Den som kan tenke seg å utvikle produksjonen vår vidare
  • Effektiv og dyktig i arbeidsoppgåver
  • Har ein viss grad av kunnskap om dataverktøy og bruk av dette
  • Ein som er villeg til å gå inn i framtidige skiftordningar i sesong

 

Me oppfordrar alle som kan tenke seg ei slik stilling om å søke, og minner om at andre kvalitetar også kan verte prioritert, dersom du framstår som den rette arbeidaren for oss. Alle søknader vil verte grundig vurderte.

Kjenner du deg igjen i denne beskrivinga, ser me fram til å ta imot din søknad. Kanskje er dette jobben nettopp for deg.

Søknadsfrist er 18.03.2025.

Oppstart er snarast mogeleg, og rette kandidatar vil bli vurdert fortløpande.

Me tilbyr

  • Tariffbasert lønn ihht regelverk og kompetanse
  • Eigne lokale tillegg for ansiennitet, erfaring, ansvar og arbeidsoppgåver
  • AFP - ordning for alle tilsette
  • Sosiale arrangement gjennom året for å styrke samhaldet i bedrifta
  • Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
  • Utviklingsmogelegheiter for rett person
  • Fleksibilitet i arbeidstid ved behov for dette

Har du spørsmål til stillinga, eller ynskjer å kontakte oss, ta kontakt med

Glenn Joar Øvregard på 97 03 54 58, eller e-post : glenn@fjordglas.no

Kven er me?

Fjordglas er ei produksjonsbedrift inst i Lustrafjorden, plassert i bygda Luster. Me er 16 tilsette, og produserer alt av vindauge og dører til våre kundar rundt om i heile landet. Vår største andel av kundar er lokalisert i området Hallingdal, med Hemsedal, Gol og Geilo som hovudområde. Me leverer våre produkt til påbygg, nye hytter, leilegheiter og bustadhus, til større leilegheitsprosjekt rundt om. Dei siste åra har me og auka vår portefølje vidare austover i landet mot Oslo-området.

Me har transportavtale med eigen foliert bil som køyrer våre produkt austover 1-2 turar kvar veke. Me omset for ca 40 millionar i året.

 

Fjordglas arbeidar aktivt for eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og har høg fokus på HMT, samt utvikling av bedrifta på ein positiv måte. Me er inne i ein omstillingsfase med fokus på bærekraft, skape meir miljøvennlege produkt og satsar på å redusere energibruken vår i tida framover. I tillegg effektiviserar me no i alle ledd, for å vere best mogeleg rusta for framtida.

 

Om arbeidsgiveren

Fjordglas AS er ein moderne trevarefabrikk inst i Sognefjorden. Heilt sidan verksemda starta i 1994 har vi kunne gleda oss over ei positiv utvikling, med gradvis aukande produksjon og stadig større etterspurnad etter produkta våre.

Fjordglas nyttar avansert teknologi og produserer vindauge og balkongdørar i ulike variantar. Me har eiga maskinlinje, levert frå Italia som bearbeidar og lagar alle delene me nyttar i vår produksjon.

Søknadsfrist

 18.03.2025

 

Send søknad til

 glenn@fjordglas.no

 

 

Kontaktperson for stillingen

Glenn Joar Øvregard, Dagleg leiar 970 35 458, glenn@fjordglas.no